Mange gruer seg til jul. Røde Kors har fått endå fleire førespurnader enn vanleg frå bekymra familiar og andre som har dårleg råd. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Røde Kors: Enorme behov for krisehjelp før jul

Aldri før har det vore ein så stor auke i behova, og aldri har så mange trunge hjelp før jul – spesielt barnefamiliar, ifølgje Røde Kors.

– Vi har lokallag som melder om fleire førespurnader om rein humanitær hjelp enn nokon gong. Vi ser tydeleg at dei økonomiske forskjellane aukar, og at det er vanskelegast for dei som har aller minst frå før, seier Pernille Lemming, leiar for landsråd omsorg i Røde Kors.

Fleire lokalforeiningar opplever mellom 25–50 prosent auke i talet på førespurnader om julehjelp samanlikna med tidlegare år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Røde Kors planlegg julegåver og aktivitetar for over 20.000 barn og unge. Dagleg får dei førespurnadene om mat, hjelp til utgifter og bekymringar frå foreldre som gruer seg til jul. (©NPK)