Søknadsfrist for tildeling av Tubfrim-midlar i år, er 15. mars, og søknadene blir behandla våren 2021. Foto: Kari Hamre / NPK

Rekordstor Tubfrim-tildeling i år

Saman med midlar til å nedkjempe tuberkulose, deler Tubfrim i år ut ein rekordhøg sum til gode tiltak for barn og unge i Noreg. Årsaka er at det i fjor ikkje vart delt ut midlar på grunn av pandemien

For over 90 år sidan starta Postmeister Ditlef Frantzen innsamling av brukte frimerke i Nesbyen, til inntekt for tuberkulosearbeidet blant barn og unge i Noreg. Frimerkebutikken fekk etter kvart namnet Tubfrim, og har sidan oppstarten delt ut 25 millionar kroner til barn og unge i Noreg.

2020 var første gong sidan oppstarten, at frimerkebutikken ikkje delte ut midlar retta mot barn og unge. Årsaka var at tiltaka som skulle få støtte i fjor vår, ikkje kunne gjennomførast av smittevernomsyn i samband med koronapandemien. Midlane vart overførte til 2021, og saman med midlar for nedkjemping av tuberkulose, deler Tubfrim difor i år ut ein rekordstor sum på 1.300.000 kronar i år, skriv Tubfrim i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søknadsfrist for tildeling av Tubfrim-midlar i år, er 15. mars, og søknadene blir behandla våren 2021.

– Vi er no midt inne i den viktige frimerkesesongen, og det store håpet vårt er at frimerka framleis skal strøyme inn til oss her på Nesbyen. Dagleg får vi hundrevis av brev med frimerke frå skular, bedrifter, privatpersonar, stat og kommunar. Tubfrim vil gjerne rette ein stor takk til alle som samlar frimerke for oss. Utan dykk ville vi ikkje kunne dele ut så store midlar kvart år, skriv organisasjonen i pressemeldinga.

(©NPK)