Norsk Tipping enda fjoråret med eit rekordresultat. Det er gode nyheiter for mellom anna norsk idrett, som får pengar frå overskotet. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Rekordresultat for Norsk Tipping

Norsk Tipping leverte eit rekordsterkt resultat i fjor med ein auke på over 500 millionar kroner. Dermed kan det utbetalast 7.087 millionar kroner i overskot.

Nesten 2,2 millionar menneske spelte hos Norsk Tipping i løpet av 2023, fleire enn nokon gong før.

Overskotet skal fordelast til helseformål, idrett, kultur og til humanitære og samfunnsnyttige formål.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er hyggeleg for dei samfunnsnyttige formåla at overskotet har halde følgje med prisutviklinga, seier administrerande direktør Tonje Sagstuen i Norsk Tipping.

Frå Norsk Tippings overskot i 2023 vil mellom anna 3723 millionar kroner bli fordelte til idrettsformål i år, noko som er 288 millionar kroner meir enn året før.

– Rekordoverskotet frå Norsk Tipping gir eit større rom for den store og målretta satsinga på bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som regjeringa har beskrive i regjeringserklæringa, seier konstituert idrettspresident Arne Bård Dalhaug i Norges idrettsforbund. (©NPK)