Landbruks- og matminister Sandra Borch på skogplanting. Foto: Landbruks- og matdepartementet.

Rekordplanting i skogbruket

Skogplantinga i Noreg har hatt ein jamn auke dei siste ti åra, frå om lag 25 millionar plantar i 2012 til planlagt 45 millionar plantar i år.

Skogplanteskulane i landet har i desse dagar om lag 35 millionar skogplantar klare for utplanting før sommaren. 10 millionar plantar til er forventa å bli sett ut i haustsesongen, slik at det totalt er forventa planta 45 millionar tre i 2022.

– Skog som veks tek opp CO2, og aktiv skogskjøtsel med hogst, planting, gjødsling og ungskogpleie bidreg til ein betydeleg klimagevinst. Det blir hogge meir enn nokon gong i norske skogar, og skogeigarane får gode prisar for tømmeret. Då er det viktig å plante ny skog som kommande generasjonar kan hauste av, seier landbruks- og matminister Sandra Borch i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor vart det ifølgje Landbruksdirektoratet planta ut om lag 38 millionar skogplantar her i landet. Det var utfordringar med å få sett ut plantane i fjor, på grunn av ein vanskeleg arbeidskraftsituasjon under koronapandemien. Likevel vart planteaktiviteten nesten like høg som i 2020, då tilsvarande tal var om lag 40 millionar. Eit ekstra tilskot til skogplanting og innsats for å mobilisere norsk arbeidskraft bidrog til at planteaktiviteten vart halden oppe. (©NPK)