Fjellrevkvalpar på Varangerhalvøya, kor talet på kvalpar er nesten tredobla samanlikna med i fjor. Foto: Statens naturoppsyn, viltkamera.

Rekordmange fjellrevkull i Noreg, Sverige og Finland

Med 164 kvalpekull vart 2022 eit jubelår for fjellreven i Noreg, Sverige og Finland. No vil landa samarbeide om ein ny handlingsplan for fjellrev.

– Det er sett i verk mange tiltak for å byggje opp fjellrevbestanden i både Noreg, Sverige og Finland, og det er gledeleg å sjå at dei gir resultat. For å snu den negative utviklinga for trua artar treng vi innsats lokalt, men også koordinering og forpliktingar på tvers av landegrenser, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet i ein pressemelding.

Den endelege oppteljinga av årets norske fjellrevkull er klar, og viser ei klar toppnotering på 72 kull i 2022.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bestandane av fjellrev ligg langs den skandinaviske fjellkjeda, og mange av delbestandane er grenseoverskridande. Alle tre landa gjer tiltak for å betre situasjonen for fjellrev, og Noreg og Sverige har hatt ein felles handlingsplan sidan 2017. (©NPK)