(Foto: Colourbox)

Rekordlågt: 25 personar omkom i brann ifjor

Ferske tal frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap viser at 25 personar omkom i brann i fjor.

— Dette er ei formidabel utvikling og viser at brannførebyggande arbeid faktisk fungerer. Vi kan snakke om eit vendepunkt. I tillegg ser vi at talet brannar også går ned. Årsaka er nok samansett, men ein sterk medvirkande grunn er auka medvit rundt branntryggleiken hos folk flest, seier Øyvind Setnes, førebyggingsekspert i Tryg Forsikring.

Tala for 2017 viser at dei omkomne var 14 menn og 11 kvinner. April var månaden da flest omkom, med fem døde. Tre omkom i desember, mot åtte personar i desember året før. Sju personar omkom på ein laurdag, den vekedagen med flest omkomne. De fleste omkom i eigen bustad.

— Vi jobbar hardt kvar eineste dag med å nå ut til publikum med førebyggende bodskap. Vi har tatt i bruk VR-teknologi som gir opplevelinga av brann, og dette har vist seg å vere ein effektiv måte å gjere folk medvitne om brannfarene i heimen. Så er det ingen tvil om at det for forsikringsbransjen er ei lette å registrere ein så positiv utvikling. Nå håper vi sjølvsagt at trenden held fram i 2018, seier Setnes.

Høgare risiko for eldre

Tal frå DSB viser at 75 prosent av de som mistar livet i brann er eldre og pleietrengande, personar med nedsett funksjonsevne og rusmisbrukarar.
Personar over 70 år har fire til fem ganger høgare risiko for å miste livet i brann sammenlikna med resten av folket. Særleg høg er risikoen for eldre som bur åleine.

Hyppigheten aukar utover dagen og det brenn oftast på ettermiddagen, når folk kjem hjem, lagar mat på komfyren og bruker elektriske apparat. Flest bygningsbrannar skjer i januar og desember. Då er vinteren gjerne på sitt kaldaste, med krav til oppvarming av bustad, og folk er meir innandørs, noko som aukar risikoen for at brann startar.

— De farligaste bustadbrannane oppstår om natta. Då har du liten mulighet til å oppdage brann i tide såfremt ein røykvarsler ikkje vekker deg. De fleste som omkommer i brann blir kvelt av røyk og gass. Røykvarslarar reddar kvart år livet til eit titalls menneske og er ein rimeleg livsforsikring for deg og familien, seier Setnes.

Flest brannar i Oslo og Finnmark

Talet på omkomne i branner har sunke gradvis dei siste tiåra. Det lågaste talet tidlegare var 35 omkomne i 2015. Året etter omkom det 40 menneske i brann, medan snittet siden 1979 har vært 64 omkomne årleg. I 2016 rykka brannvesenet ut til 3.138 brannar i private heimar. Av desse var 43 prosent branntilløp ved komfyren.

I høve talet innbyggarar toppar Oslo og Finnmark fylkesoversikta over bustadbrannar i Norge i perioden 1. mai 2016 til 30.april 2017. I andre enden skiller Rogaland seg ut som fylket med minst brannar i høvet til talet innbyggarar.