Regjeringa vil forlengje ordninga med ekstra støtte til skogbruket. Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Regjeringa vil halde oppe hogstaktiviteten i skogbruket

Regjeringa har lagt fram eit forslag om å forlenge ei mellombels ordning for å halde oppe hogstaktivitet i skogbruket utover i 2021, og innanfor den ramma som er gitt i 2020.

– Koronasituasjonen påverkar skogbruket negativt og det er framleis stor uvisse i marknaden for tømmer og treprodukt, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad i ei pressemelding.

Ho er derfor nøgd med at ordninga kan forlengjast slik at heile ramma på 50 millionar kroner kan bli brukt til å halde hjula i gang hos skogsentreprenørar der det er marknad for virket som vert produsert.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)