Mange norske skuleelvar har reist til Auschwitz og andre tidlegare konsentrasjonsleirar for å lære om antisemittisme. No vil regjeringa at det skal bli enklare å reise på skuleturar innanlands for å lære om temaet.Foto: Berit Keilen/NTB/NPK.

Regjeringa vil gjere det lettare å reise på skuletur i Noreg

Koronakrisa har sett ein stoppar for skuleturar til utlandet. No ønskjer regjeringa å gjere det enklare å reise innanlands for elevar som vil lære om antisemittisme.

– Det er viktig at elevane lærer om det som skjedde under andre verdskrigen, og vi må ikkje la koronakrisa hindre elevane i få denne lærdomen. Derfor vil vi gjere det lettare å reise på skuletur i Noreg. Samstundes må vi kunne rekne med at dei som arrangerer turane, passar på at smittevernreglane blir følgde, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

For skuleåret 2020–21 er det sett av 15,5 millionar kroner til skuleturar for elevar om vil besøkje konsentrasjonsleirar og minnestadar frå andre verdskrigen. Tilskotsordninga blei oppretta i fjor som del av handlingsplan mot antisemittisme. Då var ordninga retta mot turar med minst tre overnattingar, og tilskot gjekk i hovudsak til turar til utlandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

No blir ordninga endra, slik at skuleturane i større grad kan gjerast til minnestadar i Noreg. Turane kan òg vere på under tre overnattingar.

Søknadsfristen er utvida til 20. november og skular, kommunar, foreldreutval, lag og foreiningar, og profesjonelle turoperatørar kan søke.

(©NPK)