Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) vil hjelpe kommunane med å leggje til rette for ein meir praktisk skule. Arkivfoto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Regjeringa set av milliardar til bygg og utstyr i skulane

Åtte milliardar kroner fordelt over åtte år skal hjelpe kommunane med utstyr til ein meir praktisk og variert skule, opplyser regjeringa.

– I dag kjem vi med ei historisk satsing på å gjere skulen meir praktisk og variert. Det har vorte snakka mykje om praktisk skule dei siste åra, men det har ikkje vorte følgt opp med handling. No tek vi grep som gir kommunane verktøya til å dra fokus bort frå stadig meir akademisering til ein meir praktisk og variert skule, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Forslaget er ei rentekompensasjonsordning til kommunar som gjennomfører varige investeringar i læringsarenaer og utstyr. Målet er å bidra til ein praktisk og variert skule, opplyser regjeringa i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kan omfatte utviding eller ombygg av eksisterande skulebygg og investeringar i spesialrom som laboratorium, verkstader, sløydsalar, bibliotek, kjøkken og musikkrom.

Forslaget har total ramme på åtte milliardar kroner, som etter planen skal fasast inn med éin milliard kvart år i åtte år. (©NPK)