Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) under pressekonferansen om koronasituasjonen torsdag. Foto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Regjeringa lettar på nokre av koronatiltaka

Regjeringa lettar på nokre av koronatiltaka, men beheld òg mange av dei. Smittetoppen ligg framfor oss, påpeikar statsministeren.

– Vi kan sleppe opp noko, men vi kan ikkje sleppe opp heilt. Det er den vanskelege balansegangen som trengst for å verne kontroll med pandemien i den situasjonen vi går inn, statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på koronapressekonferansen på torsdag.

Der kunngjorde regjeringa at det frå fredag av igjen blir lov å servere øl, vin og sprit fram til klokka 23 på restaurantar og barar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skjenkinga skal skje ved borda, og desse endringane trer i kraft i morgon, sa Støre.

I tillegg blir kravet fjerna om gult nivå i skular og barnehagar. Også vidaregåande skular går over til grønt nivå, men det blir understreka at kvar kommune må vurdere om det er behov for lokale innstrammingar.

Fleire på arrangement

Regjeringa har òg vedteke følgjande endringar:

* Det blir opna for opptil 200 personar på innandørs arrangement med faste sitjeplassar.

* Utandørs idrettsaktivitetar for barn og unge kan gjennomførast som normalt. Innandørs blir det tilrådd ein gruppestorleik på 20 personar.

* Karantenereglane blir gjorde om slik at testing kan erstatte karantene i større grad.

Behaldar meteren

Samtidig blir tilrådinga om å halde 1 meters avstand til andre enn dei næraste og rådet om å ikkje ha meir enn ti gjestar heime behaldne.

Munnbindpåbodet blir òg ført vidare når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meters avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi må framleis ha tiltak for redusert kontakt slik at vi vernar kontrollen med pandemien. Framover vil smitten sannsynlegvis auke raskt, seier statsministeren.

– Høgt sjukefråvær

Støre viser til utrekningar frå FHI om at smittetoppen ligg framfor oss.

– Jobben no blir å sørgje for at smitten ikkje aukar så raskt og så mykje at helse og omsorgstenesta blir overbelasta på grunn av for mange pasientar og høgt sjukefråvær, sa Støre.

Påbodet om å jobbe heimanfrå dersom dette er mogleg, blir òg behalde.

– Sjukefråværet vil sannsynlegvis bli høgt. Alle bedrifter og verksemder må førebu seg på det. Det må leggjast planar for å halde oppe mest mogleg normal drift i ein krevjande situasjon, sa statsministeren.

Vurderer koronasertifikat

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier at regjeringa no vurderer å innføre koronasertifikat.

– Nokre av dei nye lettane kunne vi ha innført berre for vaksinerte med bruk av koronasertifikat, sa ho på pressekonferansen.

Ho viste til at FHI og helsedirektoratet har vurdert dette på oppdrag for regjeringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etatane meiner strengare tiltak for uvaksinerte, til dømes avgrensa tilgang til arrangement, vil ha liten effekt på smittespreiing, sa Kjerkol.

Likevel meiner regjeringa det kan bli aktuelt å innføre slike reglar.

– Vi har derfor bede etatane om å komme med konkrete forslag til korleis koronasertifikat kan bli teke i bruk på arrangement og ved serveringsstader, seier ho.

(©NPK)