Regjeringa forlengjer den generelle kompensasjonsordninga og legg avgrensingar på utbytte

Noverande finansminister Trygve Slagsvold Vedum på besøk i Gloppen før valet i haust.

Regjeringa vil forlengje den generelle kompensasjonsordninga for næringslivet, men legg avgrensingar på utbytte, opplyser finansministeren.

Kravet til fall i omsetning blir lempa på frå 40 til 30 prosent i perioden november-desember. Samtidig vil støttebeløpet per bedrift bli redusert frå 20 til 15 millionar kroner for tomånadersperioden.

Det blir òg avgrensingar for utbytte, presiserte finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi forventar at eigarar og leiarar opptrer ansvarleg. Regjeringa er klar på at koronastøtta skal gå til å halde folk i arbeid, ikkje til utbytte for eigarane. Verksemder som går med overskot i 2021, vil bli pålagde å betale tilbake støtte som dei får for november og desember, seier næringsministeren.

Detaljane i kompensasjonsordninga, også etter nyttår, vil bli endeleg utforma saman med ei ny lønnsstøtteordning, slik at samla innretning og kompensasjonsnivå blir heilskapleg og tilpassa situasjonen.