Raudt sin Bjørnar Moxnes vil ha alle korta på bordet om kva som skjedde då regjeringa gav utanlandske arbeidstakarar fritak frå ti dagars karantene i juni. Arkivfoto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Raudt og Sp vil opne kontrollsak om karanteneunntak for utanlandske arbeidarar

Stortingets kontrollkomité bør opprette kontrollsak om endringane i koronaforskrifta i sommar og den følgjande importsmitten, meiner Raudt og Senterpartiet.

Oppmodinga frå partiet kjem etter at Aftenposten dei siste dagane har skrive om dialogen mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Norsk Industri før regjeringa i juni gav utanlandske arbeidstakarar fritak frå ti dagars karantene.

Også Senterpartiet meiner at komiteen må sjå nærare på kva som skjedde i forkant av karanteneunntaket for utanlandske arbeidarar, ifølgje NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Raudt meiner at regjeringa sette innteninga til bedriftseigarane før smittevern, liv og helse då dei opna grensene for import av arbeidskraft frå land med mykje smitte.

– No må vi snu kvar stein og få alle fakta på bordet, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes til NTB.

Raudt meiner at kontroll- og konstitusjonskomiteen må sende over spørsmål til helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) om mellom anna kva som har vore av kontakt mellom departementet og Norsk Industri eller NHO om denne forskrifta utover det som er gitt att i Aftenposten, og om å få utlevert all korrespondanse i samband med saka.

(©NPK)

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) meiner at kontroll- og konstitusjonskomiteen må sjå nærmare på karanteneunntaket for utanlandske arbeidarar. Arkivfoto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.