Illustrasjonsfoto arkiv.

Raudt farevarsel for snøskred

Det er sendt ut raudt farevarsel for snøskred fleire stader på Vestlandet dei neste dagane.

Det gjeld for områda Sunnmøre, Indre Fjordane, Hardanger og Heiane. På Voss er det sendt ut oransje farevarsel på torsdag, men det aukar til raudt på fredag.

– Kraftig vindauke vil føre til stor transport av snø inn i leheng. Svært store skred kan losne av seg sjølv, skriv Varsom.no om på nettsidene sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag kjem det inn eit mildvêr som gjer at snøskredfaren held seg stor. Det kan gå mange og store skred også denne dagen.

– Vi tilrår folk å halde seg unna alt skredterreng til skredfaren minkar, seier vaktleiar Solveig Kosberg hos snøskredvarslinga i ei pressemelding.

Fleire stader i Noreg er det også sendt ut oransje farevarsel, dette gjeld Vest-Telemark, Romsdal og Trollheimen.

Det er venta at snøskredfaren minkar utover fredag kveld når vind og nedbør minkar. (©NPK)