Finn Årdal (nærast) har all grunn til å smile etter innsatsen i NM for rakefisk sist helg. Her er han i lag med to av leverandørane til fiskemottaket i Årdalen, Kari Gjelsvik og Terje Årnes.

Rakefisk frå Jølster i landstoppen

NM for dei som produserer rakefisk vart avvikla i helga, og med to medaljar i villfiskklassen finn vi Finn Årdal og jølstraauren hans.



Det vart ein andre- og ein tredjeplass på fisken frå Jølster, berre slegen av Stensaas Reinsdyrslakteri frå Røros.

Konkurransen om kven som har den beste rakefisken vart arrangert for 13. gong og det heile gjekk føre seg i Vauldalen i Sør-Trøndelag.

Lenge sidan sist
Finn Årdal har vore med i rakefisk-NM ein gong tidlegare, men det er fire-fem år sidan.

– Det er ikkje alltid det klaffar med tida, når det gjeld slikt, men i år ordna det seg slik at eg kunne reise, fortel Finn som i år har produsert to tonn med rakefisk og har att berre 100 kg som ikkje er bestilt.

– Når dette med den gode NM-plasseringa blir kjent, går vel resten unna i ein fei?

– Eg reknar ikkje med at det blir problem med å bli kvitt det som står att, det brukar å gå bra.

To medaljar
Det var ikkje mykje som mangla på at rakefisken frå Jølster hadde gått heilt til topps. To av dei fem dommarane hadde nemleg Årdal på topp, så gullet var ikkje langt unna. Alt i alt deltok ni produsentar i villfiskklassen, og dermed var dei fleste av dei produsentane som tek dette på alvor til stades, ifølgje Årdal.

– Kravet til dei som skal vere med er at dei har produksjonslokale og rutinar godkjende av Mattilsynet. Hobbyprodusentar får ikkje vere med, så dermed blir det ikkje så veldig mange som er aktuelle, seier Årdal som i år deltok med fisk både i klassen for årets fisk, og i klassen for vellagra.

– Der stilte eg med fisk som har vore lagra i eitt år. Vanlegvis har eg ikkje att fisk frå året før, men i år hadde eg att ein liten slump og den tok tredjeplassen.



For entusiastar
– Fisken frå i fjor var vel kraftige saker?

– Ja den er det nok ein del smak på, men dei verkelege rakefiskentusiastane vil ha det slik, fortel Årdal som sjølvsagt er godt nøgd med to medaljar i NM.

– Det er eit bevis på at det vi driv med kanskje er litt rett, det er sjølvsagt stas å hevde seg slik, seier han.

– Du stiller vel neste år også?

– Ja om det høver seg slik at eg får tid, så tek eg nok turen. Det er kjekt for oss produsentane å komme i lag og utveksle erfaringar.

– Men de fortel vel ikkje alt til kvarandre?

– Det er så lite villfisk i marknaden at konkurransen er liten, så akkurat det tek vi ikkje så nøye, avsluttar Årdal som reknar med at han er landets største villfiskprodusent og som no kan slå fast at han har treft nesten blink med årets utgåve av delikatessa frå Jølstravatnet.

Rakefisk kan brukast på mange måtar, men i Jølster er denne varianten mykje brukt. Med flatbrød/lefse, løk, rømme og poteter blir rakefisk eit festmåltid av rang.