Den 68 år gamle rock- og punklegenda, Iggy Pop, kjem til Malakoff16.

Punklegenda Iggy Pop til Malakoff

– Det er heilt uverkeleg at vi i år kan ynskje velkomen til ein av verdas største artistar. Ein bauta, eit ikon og ei legende. Welcome to Malakoff, the one and only, Iggy Pop, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Laurdag 23. juli vert det skapt musikkhistorie på Malakoff16. Då står ein av rockehistorias mest legendariske og karismatiske liveartistar på scena på vesle Nordfjordeid. For fyrste gong sidan 2013 kjem Iggy til landet, og han har valt seg ut Malakoff som stoppestad.

– Dette er tidenes Malakoffbooking og den aller største stjerna som nokon gong har vitja Malakoff. Vi gler oss enormt til å oppleve denne artisten live, seier ein strålande fornøgd festivalsjef, Arnt-Ivar Naustdal.

Punk/Rock
Den 68 år gamle rock- og punklegenda Iggy har skapt kontroversar og kaos på scena i over 50 år, og har vore inspirasjonskjelde både bevisst og ubevisst for dei aller fleste punkbanda sidan 60- og 70-talet. Iggy Pop vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2010, og er i dag ein av dei siste verkeleg store gigantane som er att.

– For sjølv om han har utført musikalsk pionerarbeid i over eit halvt århundre, er han framleis ein av dei mest fengslande og intense vokalposørane i rocken. Mannen er framleis ein rakett på scena, og på dei siste konsertane gjer han det klart og tydeleg at han har null planar om å sette ned farten, påstår arrangørane av Malakoff16.

Den 68 år gamle rock- og punklegenda, Iggy Pop, kjem til Malakoff16.
Den 68 år gamle rock- og punklegenda, Iggy Pop, kjem til Malakoff16.