Sjur Atle Austrheim, Hege Alme, Randi Brynestad Skaaden og Britt Glomnes Willumsen imponerte stort då dei tok publikum i Trivselshagen med på ei reise i deira songunivers.

Publikum likte måten deira

Dei laga julekonsert på sin måte, og publikum kvitterte med ståande applaus. Det vart full klaff for Britt Glomnes Willumsen, Sjur Atle Austrheim, Hege Alme og Randi Brynestad Skaaden.

Lokale artistar har tradisjon for å trekkje publikum i stort tal til kultursalen i Trivselshagen. Nyskipa Tre kvinner og ein mann inviterte til ”Julekonsert på vår måte”, ein måte som fall i svært god jord hjå dei oppmøtte.

Det er snakk om lokale amatørar, men stundom kunne ein bli freista til å tru at det var profesjonelle songarar og musikarar som stod på scena. Fleire av musikarane i orkesteret, leia av Arne Søholt, er rett nok profesjonelle, men dei tre damene og mannen i hovudrollene er amatørar gode som nokon. Det vil seie: Amatørar betre enn mange.

Les heile saka i papirutgåva måndag.