I Industrisamfunnet Høyanger i Sogn er det strid om dei bratte trappene frå dalen og oppover i fjellsida. Arkivfoto: Erik Thorberg/NTB/NPK.

Protesterer mot riving av 100 år gamle trapper i Høyanger

Det er strid om dei over 100 år gamle trappene frå dalbotnen og opp i fjellsida i Høyanger i Sogn. Statkraft vil rive, men har møtt lokal motstand.

Trappene vart bygde i 1916 i samband med kraftutbygginga i bygda. Dei er mykje brukte av trimmarar, og kvart år blir det brattaste motbakkeløpet i Noreg arrangert her. Statkraft meiner tryggleiken er for dårleg, og dei vil ikkje bruke pengar på å utbetre trappene.

– Vi har ikkje lenger bruk for desse trappene og planen er å rive dei, seier Inge Hass, kraftverkssjef for Statkraft i Sogn til NRK. Han reknar med at det blir sterke reaksjonar, men gjer det klart at dei ikkje kan ta på seg ein risiko for brukarar slik tilstanden på trappene er no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og reaksjonane har ikkje late vente på seg. Kultursjef Anita Nordheim i Høyanger er sjokkert over framferda til Statkraft.

– Eg elskar desse trappene. At dei vil rive dei så raskt som mogleg, kom som eit sjokk, Det må vere mogleg å gjere utbetringar fram til vi kjem fram til ei felles løysing, slik Riksantikvaren oppmoda oss om å gjere i 2015, seier ho.

Fleire stader har likande trappeanlegg vorte turistattraksjonar.

– Om dei skal brukast i turistsamanheng, så er det fornuftig at andre kjem inn og overtek dei. Derfor ligg det i planane våre at vi avviklar trappene, seier Inge Hass i Statkraft.

(©NPK)