Prompereduserande tiltak for kyr blir lagt på is
Tine går bort frå å bruke mjølk frå gardar som nyttar fôrtilsetjinga Bovaer, sjølv om det reduserte metanutsleppa stort.
Avgjerda er teken etter ei samla vurdering av skepsisen både blant forbrukarar og mjølkebønder.
– Tillit er heilt avgjerande for oss. Norsk mjølk blir knytt til naturlegheit, tryggleik og kvalitet, og vi ser at bruken av Bovaer har skapt uro og uvisse hos både forbrukarar og enkelte eigarar. Når denne skepsisen held fram med å auke, er det vårt ansvar å lytte og handle, seier Gine Wang-Reese, konserndirektør for kommunikasjon, politikk og eigarorganisasjon i Tine, i ei pressemelding.
I november i fjor vart det kjent at danske styresmakter undersøkjer ein mogleg samanheng mellom bruk av Bovaer og sjukdom i enkelte besetningar. På bakgrunn av dette valde Norsk mjølkeråvare å pause bruken av Bovaer på dei 70 norske gardane som hadde teke det i bruk av føre-var-omsyn.
Tine støttar framleis forskinga som blir vidareført ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), men har bede Norsk mjølkeråvare om å sikre at Tine ikkje får mjølk frå desse forsøka. Selskapet vil no forsterke innsatsen på andre tiltak, som mellom anna betre grovfôr og fôreffektivitet og klimasmart husdyrgjødselhandtering.
Metanhemmarar i fôret til kyrne skal sørgje for at dei slepp ut mindre av klimagassen metan, altså at dei rapar og prompar mindre.
I samband med landbruksoppgjeret i fjor vart regjeringa og Bondelaget samde om å jobbe for eit nytt krav om at ein må bruke metanreduserande fôr innan 2027 for å få husdyrtilskot. (©NPK)