
Prognosar: Klar raudgrøn valsiger
Raudgrøn side går mot ein klar valsiger. Det viser både faktiske tal, prognosane frå NRK og TV 2 og Nettavisens valdagsmåling.
I Nettavisens valdagsmåling får dei raudgrøne partia eit klart fleirtal med 92 mandat i Stortinget.
– Målinga viser eit klart fleirtal for raudgrøn blokk. Dette er eit klarare fleirtal enn det mange målingar har vist den siste tida, seier seniorrådgivar Vegard Jarness i InFact til Nettavisen.
Også i prognosane frå TV 2 og NRK får dei raudgrøne fleirtal med høvesvis 91 mot 78 og 88 mot 81 mandat.
Også Valdirektoratets oversikt over førebels opptalde røyster gir raudgrønt fleirtal. Den viser førebels 87 mandat til dei raudgrøne partia, mot 82 til dei borgarlege.
Leidde sidan mars
Raudgrøn side har hatt ei knapp leiing på månadssnittet av meiningsmålingane til Poll of polls sidan mars i år.
For Arbeidarpartiet snudde det for alvor då Senterpartiet forlét regjeringa 30. januar på grunn av ueinigheit om fleire EU-energidirektiv. Ap heldt fram med å regjera åleine, og nokre dagar seinare henta statsminister Jonas Gahr Støre inn tidlegare Nato-sjef Jens Stoltenberg som ny finansminister.
Det var populært hos veljarane, og Ap gjorde eit realt byks på meiningsmålingane.
Støre greidde òg å hindra eit mogleg mytteri i Arbeidarpartiet på grunn av svake målingar før nyttår.
På gjennomsnittsmålingane har likevel Støre vore avhengig av alle partia på raudgrøn side for å få fleirtal for eit budsjett.
Styrkeforhold endra
På borgarleg side såg framtida lys ut ved juletider. I desember hadde dei fire partia til saman 98 mandat, ifølgje snittmålinga.
Men i heile vår og sommar har den borgarlege blokka slite på målingane. Sist gong dei hadde fleirtal, var i februar, ifølgje oversikta frå Poll of polls.
Også styrkeforholdet mellom Høgre og Framstegspartiet byrja å endra seg på tampen av fjoråret. I desember gjekk Frp forbi Høgre i desember og fekk over 25 prosent i gjennomsnitt på målingane.
Heilt sidan den gongen har Framstegspartiet vore største parti på borgarleg side. Tidvis har partiet lege betydeleg over sin næraste samarbeidspartnar Høgre. I valkampen har det vore stor merksemd rundt kven som skulle bli statsminister i ei borgarleg regjering.
Sprikjer
Dei førebelse tala sprikjer likevel noko når det gjeld parti under og over sperregrensa.
I den faktiske oppteljinga og i prognosane hamnar Venstre som einaste parti under den frykta grensa med 3,4 prosent av røystene.
I Nettavisens valdagsmåling kjem alle partia over sperregrensa.