ILLUSTRASJON: Kystverket.

- Prisen er kutta med eit enormt beløp

- Vi erfarer at prisen er kutta med eit heilt enormt beløp gjennom nye vurderingar og forhandlingsrundar.

Publisert

Det skriv ordførarane i Stad, Kinn og Vanylven kommunar i ei felles pressemelding om Stad skipstunnel. 

Dei følgjer nøye med i det den nye prislappen for Stad skipstunnel vert overlevert frå Kystverket til departementet fredag. Overleveringa markerer eit nytt og viktig steg i arbeidet med å realisere verdas første fullskala skipstunnel – eit prosjekt som i fleire tiår har vore etterspurt av kystsamfunn, næringsliv og sjøfarande.

Felles bodskap

- Kystverket har dei siste månadene arbeidd med nye prisoverslag og forhandlingar med entreprenørane. Vi erfarer at prisen er kutta med eit heilt enormt beløp gjennom nye vurderingar og forhandlingsrundar, og at eit endeleg prisgrunnlag skal liggje til grunn for politisk behandling i samband med revidert nasjonalbudsjett 2026. Som vertskommunar er vi innforstått med at prisen som blir presentert i dag kan få direkte betydning for om tunnelen får byggestart i 2026, skriv ordførarane og held fram: 

- Vi erfarer at talet har vorte betydeleg betre enn fyrste tilbod, men uavhengig av det står vi samla bak ein felles bodskap:

· Stad skipstunnel handlar om tryggleik, regularitet og berekraftig sjøtransport.

· Prosjektet er klart til gjennomføring, med ferdig planverk, gjennomført anbod og ventande ringverknadsprosjekt som vil føre til verdiskaping

· Kysten treng ei politisk avklaring som gjer at prosjektet ikkje igjen blir sett på vent.

- Handlar om tryggleik

- Vi er komne dit at alle faglege og tekniske avklaringar ligg føre. No er det talet som avgjer, og med dei enorme reduksjonane som vi erfarer, står vi klare til å ta prosjektet vidare. Dette handlar om tryggleik på ei av landets mest krevjande sjøstrekningar, seier Stad-ordførar Judith Margrete Kvåle.

- Kysten er heilt avhengig av føreseieleg infrastruktur. Vi forventar at nasjonale styresmakter gir eit klart og framtidsretta svar – ikkje fleire år med uvisse som skadar både næringsliv og samfunnsutvikling, slår Kinn-ordførar Bengst Solheim-Olsen fast, medan Paul Sindre Vedeld, ordførar i Vanylven, seier det slik: 

- Dette prosjektet har regional verdi langt utover kommunegrenser. Uansett prisnivå i dag må staten vise vilje til å få tunnelen realisert. Det er eit spørsmål om tryggleik, likeverd og å ta ansvar for heile kysten.

Dei tre ordførarane understrekar at dei vil halde fram med å spele ei aktiv rolle i prosessen fram mot den politiske behandlinga i vår. 

Målet er at dei samla behova langs kysten vert tekne på alvor, og at Stortinget sikrar nødvendig framdrift for ein tryggare og meir stabil seglas forbi Stad.

Powered by Labrador CMS