Postnord sin terminal på Skei.

Postnord stoppar kanskje drifta ved alle terminalane sine fredag

Drifta ved alle Postnord sine 18 terminalar landet rundt blir stoppa frå fredag viss ikkje partane i streiken blir samde.

– Drifta på terminalane våre blir då stoppa. Terminaldrifta av selskapet blir ramma fullstendig. Dette vil berøre våre privat- og bedriftskundar, seier pressesjef ved Postnord Norge, Haakon Nikolai Olsen, til VG.

Selskapet som driv med levering av pakkar sende tidlegare denne veka ut permisjonsvarsel til alle sine tilsette. Permitteringane gjeld frå fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunnen er at selskapet blir ramma sterkt av den varsla opptrappinga av streiken frå fredag, som rammar Postnord hardt.

Olsen seier at dei vil sende ut informasjon til mottakarar, både verksemder og privatpersonar, skal ta omsyn til pakkar som ikkje er utlevert viss deira tilsette blir tekne ut i streik frå fredag. (©NPK)