Frå 7. juli legg Posten om distribusjonen sin, og dette kan få følgjer for kor tid du får Firda Tidend.

Posten legg om distribusjonen

Frå og med 7. juli får Noreg ei ny postlov, og distribusjonstilbodet til mange husstandar vil bli endra eller redusert.

Frå denne datoen reduserer nemleg Posten talet dagar med fast postomdeling. Då kjem postbodet måndag, onsdag og fredag i ei veke, og tysdagar og torsdagar den neste.

Gått drastisk ned

Bakgrunnen for endringa er at postmengda har gått drastisk ned dei siste 20 åra. Digitaliseringa har gjort at det ikkje er grunnlag for fast distribusjon av brevpost og reklame meir enn annankvar dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kundar som ønskjer fast postlevering kvar dag, kan få det ved å leige postboks.

Endra tidspunkt

Ein har no sikra at avisene vil bli leverte til abonnentane dei dagane det ikkje blir levert ut brevpost. Dette er ei kompensasjonsordning som mediebransjen har kjempa gjennom, og oppdraget gjekk til Posten.

Dette betyr at alle abonnentar vil få Firda Tidend på utgjevingsdagen, men ein kan oppleve at ho blir levert på eit anna tidspunkt enn tidlegare.

Det kan også førekome avvik i leveringa i ein periode.

Send ein mail til abo@firdatidend.no om du har spørsmål fordi du ikkje har fått avisa.