Øystein Øygarden er styreleiar i LLA. Foto: LLA/NPK.

Positivt nytt for papirabonnentar landet rundt – LLA godt nøgde

Landslaget for lokalaviser (LLA) er glad for at innbyggjarane får levert lokalavisa si på papir også dei neste åra. Avisbransjen skal nemleg bli samde om tre distribusjonsdagar i veka, i tillegg til laurdagane.

Dette kjem fram i ei pressemelding frå LLA (Landslaget for lokalaviser), der heiter at det blir lyst ut anbod seinare i haust, som skal gjelda frå juli 2024. Anbodet er i første omgang for eitt år, men det blir lagt til rette for utviding med endå eitt år. LLA og MBL er informerte om dette på eit møte med statssekretær Bent-Joacim Bentzen i Samferdselsdepartementet, og departementet har nettopp offentleggjort nyheita.

Det har lenge vore stor uvisse om kva som vil skje med papiravis-distribusjonen dei neste åra. Det nye anbodet vil framleis gjere det mogleg å distribuere papirutgåver opp til fire dagar i veka i heile Norge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styreleiar Øystein Øygarden i LLA kommenterer det nye anbodet slik:» Dette er svært positivt for lokalavisene landet rundt. No vil alle abonnentane få papiravisa også dei neste åra. Vi er glade både for at det kjem eit nytt anbod frå neste sommar, og at distribusjonen er sikra fire dagar i veka til alle abonnentar – uansett kvar dei bur i Norge,» seier Øygarden i pressemeldinga.

Han peikar vidare på at lokalavisene får stadig fleire digitale lesarar, men det er framleis mange som vil ha papiravisa.

«Papirutgåvene finansierer mange lokalaviser si digitale satsing. Både for annonsørane og lesarane er det viktig at papirutgåvene kjem fram til alle postkassar», legg LLAs styreleiar til.

Samferdselsdepartementet utfordrar LLA og MBL til å raskt kome tilbake med kva tre kvardagar bransjen vil prioritere.

LLA er organisasjonen for over 110 lokalaviser landet rundt. (©NPK)