Landbruksminister Geir Pollestad (SP) vil få ned ulukkestala i landbruket og reindrifta. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Pollestad har nullvisjon for landbruket og reindriftsnæringa

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) løyver 400.000 kroner til utgreiing og førebygging av dødsulukker i landbruk og reindriftsnæringa.

– Det er for mange dødsulukker. Vi må få ned tala i landbruket og reindrifta, difor er det på tide å få på plass ein nullvisjon. Folk skal føle seg trygge på jobb, stadfestar landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp), i ei pressemelding.

I jordbruket i 2023 var det eit arbeidsskadedødsfall i 2023, medan det i femårsperioden før 2023 var om lag fem arbeidsskadedødsfall per år i gjennomsnitt. For reindrift finst det ikkje tilstrekkeleg statistikk for dødsulukker. Utover dette er det ulukker som ikkje fører til død, men som får alvorlege konsekvensar og skadar for den enkelte.

Artikkelen held fram under annonsen.

På måndag signerte sentrale aktørar ein intensjonsavtale om nullvisjon for dødsulukker i landbruket og reindriftsnæringa. I tillegg skal det arbeidast med å redusere talet på ulukker med alvorleg personskade.

Dei aktuelle partane i avtalen er Arbeidstilsynet, Gjensidige, Landbrukets brannvernkomité, Landbruksdirektoratet, Landbruks- og matdepartementet, Landkreditt forsikring. Mattilsynet, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Landbruksrådgjeving, Norske Landbrukstenester, Norske Reindriftsamers Landsforbund og Stiftelsen Norsk Mat.

Partane har forplikta seg til å gjennomføre tiltak på sine område. (©NPK)