Illustrasjonsbilde av norske nasjonale pass og id-kort. Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Politiet oppmodar folk til å bestille time på pass- og ID-kontoret

Politiet ventar høg etterspurnad etter pass og ID-kort i 2023 og oppmodar folk til å vere tidleg ute med å bestille time.

Ifølgje politiet er det 317.000 pass som går ut i 2023. Det er venta så mange som 1,3 millionar søknader – omtrent like mange som i fjor.

I 2022 opplevde leverandøren kapasitets- og produksjonsutfordringar som gjorde at leveringstidene auka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Basert på erfaringar frå fjoråret, må vi i politiet ta høgd for uventa hendingar og auka etterspurnad som kan påverke leveringstidene, seier avdelingsdirektør Bjørn Vandvik i Politidirektoratet i ei pressemelding.

– Vi håpar no at alle sjekkar passet eller det nasjonale ID-kortet sitt og bestiller time så snart som mogleg viss dei treng det. På denne måten kan vi unngå at alle kjem rett før ferietida.

(©NPK)