Åtvarar mot farleg narkotisk stoff etter dødsfall

– Politiet i Sunnfjord erfarer at det er svært farlege narkotiske stoff i omløp i vårt distrikt. Spesielt nemnast eit forholdsvis nytt, og hittil lite kjent, syntetisk opiat som heter Metonitazen.

Det skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding onsdag føremiddag.

Ifølgje pressemeldinga finst det lite dokumentasjon med omsyn til konsentrasjonar av dette stoffet, men det blir rekna som svært sterkt. Det følgjer også ein stor overdosefare med inntak av stoffet:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er fare for livstrugande forgifting, pustestans, overdose og død ved bruk. Alle former av dette stoffet er ulovlege i bruk i Noreg. Det er kjent for politiet i Sunnfjord at dette narkotiske stoffet er kopla til eit dødsfall i vårt distrikt. Denne opplysninga blir offentleggjort i samråd med avdøde sine pårørande.