Politiet i Gloppen og Sunnfjord blir styrka

Sunnfjord lensmannsdistrikt blir tilført seks nye stillingar. Av desse blir fire plasserte i Førde, ein i Gloppen og ein i Fjaler, opplyser leiar for geografisk driftseining Sogn og Fjordane, Arne Johannesen.

Styrkinga av det lokale politiet er ein del av det nasjonale målet om to polititenestemenn per 1000 innbyggjarar.

Totalt har driftseining Sogn og Fjordane fått tildelt ni nye stillingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er svært bra, men framleis er det behov for fleire politistillingar for å styrke vakt- og beredskap, seier Johannesen i ei pressemelding.

I tillegg til dei seks stillingane i Sunnfjord, får lensmannsdistrikta i Sogn og Nordfjord ei stilling kvar. Desse blir plasserte i Lærdal og Måløy.

Etterforskingsseksjonen i Førde får også tilført ei stilling.

Før denne tildelinga hadde Sunnfjord kring 0,9 politi per 1000 innbyggjarar, medan Nordfjord og Sogn hadde kring 1,2.