Politiet har kontroll. (Illustrasjonsfoto)

Politiet har hatt mange kontrollar i helga

Politiet har gjennomført mange promille- og trafikkontrollar i løpet av helga.

Fredag vart elleve bilførarar kontrollerte med tanke på promille på Søreide utan at nokon vart mistenkte for promillekøyring, men då UP gjennomførte ein trafikkontroll på E39 på Eide, bles ein bilførar raudt og vart teken med til blodprøvetaking.

UP gjennomførte laurdag ein promillekontroll også i området Stryn. 114 bilførarar vart kontrollerte. Det var ingen utslag, men ein bilførar vart bøtlagd for manglande bilbeltebruk.
Up gjennomførte også ein fartskontroll i 60-sona på Rake. Her vart det skrive ut åtte forenkla førelegg. Høgste fart vart målt til 75 km/t.

Også politiet i Vågsøy har hatt ruskontroll. I Måløy vart 75 bilførarar kontrollerte. Ingen blåseprøver gjorde utslag.

Søndag morgon melde også politiet i Vågsøy at ein person vart henta og sett i arresten etter skadeverk og truslar på ein fest i Måløy.