Politiet i Møre og Romsdal har gjort beslag på falske pengesedler som er i omløp. Den ekte setelen ligg til venstre og den falske setelen til høyre. Foto: Politiet/NTB/NPK.

Politiet: Falske pengesetlar i omløp

Onsdag førre veke beslagla politiet i Ålesund ni 200-lappar og to 500-lappar som var falske.

– Vi har grunn til å tru at fleire kan vere i sirkulasjon, skriv Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

Politiadvokat Hanne Egenes er påtaleansvarleg i saka. Ho seier at dei falske setlane blir oppfatta som ekte ved første augnekast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei har vassmerke, ulikt serienummer og ser nokså profesjonelt laget ut, seier ho.

Politiet oppmodar bedrifter som tek imot kontant betaling, om å vere spesielt merksame sidan det er høgsesong for sal av varer.

Politiadvokat Hanne Egeness er påtaleansvarleg i saka.

– Det mest merkbare kjenneteiknet på dei falske setlane er gjennomslaget. Det er til dømes mogleg å sjå element frå den andre sida enklare enn med normale setlar, seier Egeness.