Politiet åtvarar om svindelforsøk med automatisk stemme

Politiet i Oslo blir nedringt av personar som har vorte utsette for svindelforsøk med ein automatisk stemme på telefonen.

Politiet opplyser at svindelforsøket går føre seg ved at folk blir ringt opp frå eit norsk telefonnummer. Viss ein svarer, høyrest ei automatisk stemme som fortel at ein har vorte utsett for svindelforsøk og at ein må taste 1 på telefonen for å bli sett over til politiet.

Den automatiske stemma fortel at det er oppdaga mistenkjeleg aktivitet på PayPal.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Dersom nokon får ein slik telefon, så tilrår politiet at ein berre legger på», skriv politiet på X/Twitter. (©NPK)