Førde sentralsjukehus.

Planlegg for meir normal aktivitet

Helse Førde har denne veka starta planlegginga for å trappe opp aktiviteten. – Dei som får innkalling til time, skal vite at det er trygt å komme til sjukehusa våre, seier administrerande direktør Arve Varden.

Alle norske sjukehus blei i mars bedne om å redusere planlagt kapasitet for å førebu seg på mange koronasjuke. I Helse Førde har det ført til 9227 utsette kontaktar frå først i mars og til 15. april.

Vurderer hastegrad

Samstundes har all øyeblikkeleg hjelp, operasjonar og behandlingar som ikkje kan vente, gått som normalt.

- Vi starta alt denne veka med å ta opp drifta. Vi arbeider no vidare med på kva område vi skal auke aktiviteten, men det som skal liggje i botnen er medisinske vurderingar. Dei det hastar mest med, skal få innkalling først, seier Varden.

Framleis strenge tiltak

Merk at dei strenge tiltaka for å avgrense smittespreiing inne på sjukehusa vert oppretthaldne. Reglane om tilgangskontroll og avgrensingar på besøk til inneliggjande er uendra. Pasientar som er kalla inn til time, og der det er mistanke om smitte eller symptom, vil anten bli testa eller få melding om å vere heime inntil smitte er utelukka. Som før er det viktig å halde avstand. Venterom og fellesareal vert no lagt til rette for å halde minimum to meter avstand.

Lågt smittepress no

- Vi har opplevd at pasientar og pårørande har synt forståing for og vore lojale til dei inngripande tiltaka vi sette i verk i midten av mars. Det håpar og trur vi held fram, noko som også er nødvendig når vi no aukar trafikken til sjukehusa, seier Varden.

Smittepresset i området til Helse Førde ser ut til å vere lågt. Ei prøve var positiv i går, men før det var siste positive prøva i Helse Førde-området 4. april. Siste innlegging på sjukehus med stadfesta sjukdom covid-19 var 8. april. Også ved andre sjukehus går talet på innleggingar ned. Dette er årsaka til at alle helseføretaka i Helse Vest i dag reduserer beredskapen frå gul til grøn.

Ingen normalsituasjon

- Eg vil likevel understreke at Helse Førde framleis er i beredskap. Vi er ikkje i ein normalsituasjon, seier Arve Varden.

Uvissa om korleis utviklinga vil verte framover, er stor. Varden viser til at dersom talet på smitta går opp og fleire må leggast inn på sjukehus, vil beredskapsnivået bli heva:
- Mi oppmoding er å følgje råda og tiltaka styremaktene kjem med, for å unngå at viruset spreier seg.

Verd å vite om situasjonen på sjukehusa:


  • Alle helseføretaka i Helse Vest i dag reduserer beredskapen frå gul til grøn. Dette inneber at vi enno ikkje er i ein normalsituasjon.

  • Reglane om tilgangskontroll og avgrensingar på besøk til inneliggjande er uendra.

  • Pasientar som er kalla inn til time, og der det er mistanke om smitte eller symptom, vil anten bli testa eller få melding om å vere heime inntil smitte er avklara.

  • Framleis er det viktig å halde avstand. Venterom og fellesareal vert lagt til rette for minst to meter avstand. Maksimalt fem personar samtidig på venteromma. Vask hender ofte.

  • Alle undersøkingar eller konsultasjonar som kan utførast gjennom telefon eller på video, utførast slik.

  • Slik får vi trygge sjukehus – velkommen til Helse Førde!