Person pågripen etter knivstikking på Sandane

Ein mann blei knivstukken på ei adresse på Sandane seint fredag kveld, melder Vest politidistrikt laurdag føremiddag.

Politiet blei varsla om hendinga klokka 23:45 fredag.

Fornærma blei køyrd til Førde sentralsjukehus med ambulanse. Vedkomande var då vaken og bevisst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Éin mann er pågripen for hendinga.

– Politiet har vore på staden med fleire einingar gjennom natta, der det er blitt føreteke undersøkingar og avhøyrt vitne, skriv Vest politidistrikt laurdag føremiddag.

Det er uklart om det er ein relasjon mellom sikta og fornærma. Begge dei involverte er menn i 20-åra.