Peder Lofnes Hauge og Noregs Mållag invitere alle i Noreg til å skrive nynorsk 12. mai. Foto: Kristianne Marøy/Noregs Mållag.

Peder oppmodar om å markere nynorskdagen

Noregs Mållag og Norsk målungdom invitere alle i Noreg til å skrive nynorsk 12. mai.

Den 12. mai 1885 gjorde Stortinget eit historisk vedtak. Då vedtok Stortinget å likestille nynorsk og bokmål gjennom «jamstillingsvedtaket».

– Målet er å få sjå litt meir nynorsk rundt oss, særskilt på plassar der vi vanlegvis ikkje ser han, fortel Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag i ei sak på nettsidene til organisasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er viktig å gjere det lett og artig å prøve seg på å skrive nynorsk. Sidan alle kjenner nynorsken frå skulen, kan det vere både dårlege og gode erfaringar med nynorsken. Vi ynskjer å utfordre dei som sjeldan eller aldri skriv nynorsk, seier Peder Lofnes Hauge.

Mållaget vil at dette skal vere ein dag der endå fleire får del i det flotte språket, og kanskje også verte kjende med Mållaget og Målungdomen på ein ny måte. (©NPK)