BYRKJELO CAMPING: Stamgjestene Arvid Aarseth og Per Skrøppa i samtale med driftsleiar Arve Myklebust.

Passkrisa kan løfte noregsferien

80.000 nordmenn står i kø for å få produsert nytt pass før sommarferien. Det kan bety at fleire vel å droppe utlandsferien og feriere i Noreg i staden.

Om lag 80.000 nordmenn har søknad om pass og ventar på at det skal bli sett i produksjon, opplyser Politidirektoratet til NRK.

At så mange nordmenn ikkje har pass før sommarferien, betyr at fleire truleg vil feriere i Noreg i staden for å dra til utlandet, seier fleire ekspertar NRK har prata med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg til auken i internasjonale turisme, som vi truleg vil sjå, så kan effekten av koronapandemien og passkrisa gi oss ein travel sommar med mykje folk, seier Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen breførarlag til NRK.

Bruheim trur rekorden på 14.000 breturistar i 2016 kan stå for fall.

– Det går mot rekordsesong. Einaste flaskehals er mangel på arbeidskraft,

Leveringstida for pass er no seks veker pluss postgang. Leveringstida for ID-kort er to veker pluss postgang.

Ei ny undersøking viser at åtte av ti planlegg ein sommarferie år. Nær sju av ti planlegg å feriere i Noreg.

Det er vesentleg høgare enn før koronapandemien, då 58 prosent svara det same. (©NPK)