På rett veg

Det er minst ein statistikk for 2014 som det er grunn til å glede seg over. Talet på omkomne i trafikken har gått kraftig ned, både på landsplan og ikkje minst i vårt eige fylke. Lenge såg det ut til at vi i Sogn og Fjordane skulle oppfylle den berømte nullvisjonen med null offer for trafikkdøden. Men dessverre, 14. desember skjedde det ei ulukke i Aurland som kravde livet til ein yrkessjåfør. Når ein veit at det i 2013 var heile tolv personar som lei trafikkdøden i Sogn og Fjordane, er det berre å glede seg over den positive utviklinga. Faktisk er 2014-talet det beste nokon gong, sidan Trygg Trafikk starta med si oversikt i 1977, det lågaste før var to døde i 2002, det høgaste 18 i 1980. Også på landsplan ser vi den same trenden, om ikkje så tydeleg. Medan det i 2013 var 187 omkomne, var dette talet redusert til 152 i fjor.

Men om tala for vårt fylke er spesielt positive, er det også malurt i begeret. Talet på ulukker og skadde er nesten uendra frå året før. I dei elleve første månadene i 2014 var det registrert 95 ulukker med 128 skadde, som er omtrent identisk med tala i same periode året før. Bak desse tala vil det som kjent også lett skjule seg store lidingar og mykje smerte, sjølv om ikkje liv har gått tapt. Det er såleis ingen grunn til å kvile på det som trass alt er ei god utvikling, men heile tida må ein jobbe vidare med å auke trafikktryggleiken og redusere ulukkestala og omkomne på vegane.

Les heile leiaren i onsdagsavisa.