Øyvind Indrebø er hovudleiar for den norske troppen under EM i handball for herrar.

Øyvind er tett på det norske landslaget i EM

- Det skjer mykje i kulissane kring eit lag i ein meisterskap. Eg hjelper til der det trengst og ser til at alt går etter planen, seier Øyvind Indrebø. 

Publisert Sist oppdatert

Førdianaren har lang fartstid innan handballen, mellom anna som trenar i Gloppen Handballklubb i fleire sesongar. Han har trena både dame- og herrelaget til GHK, i tillegg til aldersfastlagde lag. 

I desse dagar er han hovudleiar for det norske herrelandslaget i EM. 

Skal passe på at alt er på stell

- Det er tradisjon at nokon frå presidentskapet i Norges Handballforbund har rolla som hovudleiar for landslaga i meisterskap. Eg har denne rolla i år, då eg sit som visepresident, seier Øyvind Indrebø og fortel at han er handballforbundet sin offisielle person på vegner av laget. 

- Eg har ansvaret for at troppen følgjer retningslinjene til forbundet, ivaretek omdømet, sørgjer for at alt er innan dei rammene det skal vere, og at ting fungerer slik det er tenkt. Det er mellom anna ekstremt mange rapportar og protokollar som skal vere på plass. Dette er ufatteleg viktig, det kan få store konsekvensar viss det ikkje er på stell, held han fram. 

Eitt av ansvarsområda hans er krisehandtering: 

- Viss det oppstår uføresette ting, ei krise, er det hovudleiar som må organisere det. Vonleg blir det ikkje bruk for det, smiler mannen som til dagleg er HR-direktør i Coop Nordvest. 

Politisk rolle

Å vere hovudleiar for den norske troppen er ikkje minst ei politisk rolle. 

- Å pleie det politiske arbeidet med andre nasjonar og nettverket der er ein del av jobben. Eg har tett dialog med presidenten og generalsekretæren, og er bindeleddet mellom det politiske og sjølve laget i meisterskapar og elles, fortel Indrebø. 

EM i Noreg, Sverige og Danmark er første gongen han har rolla som hovudleiar.

Han hadde same rolle i Golden League i Nederland i første del av januar, og er blitt kjend med laget gjennom turneringar. 

Er tett på

Øyvind Indrebø i aksjon som trenar for GHK sitt damelag.

Øyvind Indrebø legg ikkje skjul på at rolla som hovudleiar inneber eit stort ansvar som kan vere tyngjande, men gjev han også eit fint høve til å vere tett på spelarar og eit lag på høgt internasjonalt nivå. 

- Det er artig å vere med, og veldig spennande. Alt som skjer på trening og i kamp blir gjort med stor dedikasjon, lite er overlate til tilfeldigheitene. Ting blir gjort planmessig, det er viktig å få nok kvile, søvn og næring, og det er eit fantastisk medisinsk apparat rundt laget med lege, fysioterapeut, massørar og ikkje minst ansvarleg fysisk trenar. Som representant for styret er det nyttig å oppleve og ta til seg det som skjer i ein tropp, som leiing og respons, fortel han og slår fast at det blir mange inntrykk. 

- Viktig å nytte tida

Ikkje minst synest han det er interessant å sjå korleis det blir arbeidd for å få profesjonelle spelarar frå mange ulike klubbar til å opptre som eit godt landslag.

- Det er relativt få samlingsdøgn gjennom eit år, så det er viktig å nytte tida og byggje relasjonar. Denne gongen er det seks spelarar utan meisterskaperfaring som skal inn i det. Det er interessant å sjå korleis det blir jobba for å få alle til å fungere som eit lag. 

Det norske laget har fått ein god start på EM. Først blei det 39-22-siger mot Ukraina torsdag kveld, før det blei 29-25 mot Tsjekkia laurdag.

Før den siste innleiande gruppekampen, mot regjerande europameister Frankrike måndag kveld, er laget dermed klart for hovudrunden i EM i danske Herning. Der ventar fire motstandarar, mest truleg Danmark, Portugal, Spania og Tyskland. 

Èin kamp om gongen

- Det er godt å få ei god opning, det var ei lette å slå Ukraina. Poeng mot Frankrike er ein bonus, konstaterer hovudleiaren og understrekar at det norske laget tek éin kamp om gongen: 

- Å tenkje langt fram er lite hensiktsmessig no. Første etappe var å levere i kampane torsdag og laurdag, så får vi ta neste etappe og det som skjer i hovudrunden. Ein målsetjingsdebatt blir berre ein leik med ord, seier han og omtalar nivået i EM som "vanvitig høgt":

- Ingen kampar er "walk in the park". Sjølv dei nasjonane som ein tenkjer er "enkle" å møte, har spelarar i Bundesliga og den spanske ligaen, på lag som spelar i Champions League. Nokre lag har dobbel dekning på høgt nivå, medan andre har færre, seier Øyvind Indrebø og ser fram til å følgje Sander Sagosen, Torbjørn Bergerud og dei andre norske stjernene i kampane som kjem. 

Powered by Labrador CMS