Leander Agledal Nordal scora åtte mål under Norway Cup. (Privatfoto)

Over og ut for Leander & Co

Det vart ein tøff kvartfinale for Florø G14 på Ekebergsletta i dag. Dei tapte 4-0 i ein tøff kamp mot Bangkok Christian College.

- Vi spelte mot eit godt, finspelt og raskt lag. Kampen var ganske jamn og tett, men vi fekk eit mål mot oss og måtte framover på bana for å score. Detmed opna vi oss for mykje bak, fortel hyaren Leander Agledal Nordal (15) etter kampen.

- Litt skuffa no, kanskje?

- Ja litt, men det har vore ei bra turnering, og vi har møtt mange gode lag. Vi er godt nøgde med innsatsen, seier det unge fotblltalentet.

Han har scora åtte mål på sju kampar og er godt nøgd med både eigen og laget sin innsats i turneringa. No reiser dei heim til Florø og Hyen.

Florø-laget vann gruppa si med ni av ni moglege poeng og ein målskilnad på 13–1. I A-sluttspelet før kvartfinalen slo dei ut Arena Alicante, Brage Trondenes FK og Askims IK.