Thorir Hergeirsson i aksjon i Trivselshallen på Sandane.

– Over all forventning

– Opphaldet på Sandane har så langt vore over all forventning, seier landslagstrenar Thorir Hergeirsson.

Det norske kvinnelangslaget i handball er på ei vekelang treningssamling på Sandane. Fredag og laurdag skal dei spele landskamp i Trivselshallen mot Russland.

– Dette set vi pris på
– Vi er svært glade for å få høve til å kome til Sandane og Gloppen kommune. At her ikkje er sol og skyfri himmel, kan ein ikkje få gjort noko med. Elles har det vore aldeles perfekt. Normalt har vi valt å vere i utlandet på treningsleiren i juli fordi Noreg er eit dyrt land å vere i og vi har eit avgrensa budsjett. Vi har fått meir ut av kronene våre når vi er i utlandet på samling enn når vi er i Noreg, fortalde Hergeirsson, då han saman med Mia H. Høgdahl heldt seminar i kultursalen i Trivselshagen.

– Kommunen og næringslivet gjorde det mogleg for oss å kome hit. Når vi attpåtil får Russland til Sandane og vi kan spele to treningskampar mot dei, er det optimalt. Den innsatsen som er lagt ned her, håpar vi vil inspirere andre regionar i Noreg på å få til noko tilsvarande. Det er ikkje mange som har gjort dette, så dette set vi veldig pris på, sa han.

Landslagstrenar Thorir Hergeirsson set pris på det lokale engasjementet for å leggje til rette for landslagssamlinga.