Byggjeplass i samband med utbygging av Follo-banen. Foto: Tore Meek/NTB/NPK.

Over 70 prosent er bekymra for nedbygging av natur

Sju av ti er veldig eller ganske bekymra for tap av natur og nedbygging av natur, og meiner politikarane må gjere meir for å stoppe det.

Det viser ei undersøking Opinion har gjennomført for Verdsnaturfondet (WWF).

Eit stort fleirtal av befolkninga er bekymra for natur- og klimakrisa, og flest meiner det er politikarane våre som ber det største ansvaret for å stanse klimaendringar og naturtap.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi mistar stadig meir natur, og dette bekymrar eit stort fleirtal i befolkninga, med god grunn. Isolert sett er det ein motorveg her og eit hyttefelt der, men i sum har alle desse arealendringane over heile landet skuld i at vi i dag berre har 11,5 prosent villmark igjen, og heile 2752 artar er oppførte som trua på raudlista, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Norge. (©NPK)