Seks av åtte dødsulykker på norske vegar i juni var med motorsykkel, ifølgje Statens vegvesen. Totalt 51 personar mista livet på norske vegar dei første seks månadene. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix

Over 50 har mista livet på norske vegar hittil i år

51 personar mista livet på norske vegar i årets seks første månader. Cirka kvar femte dødsulykke er med motorsykkel, ifølgje nye tal frå Statens vegvesen.

45 menn og 6 kvinner omkom i trafikken i det første halve året. 24 omkom i personbil, og 9 av dødsulykkene var på motorsykkel, viser Statens vegvesen førebelse gjennomgang av dødsulykkene hittil i år.

Motorsykkel

Dei ser ein auke av ulykker med middelaldrande menn i alderen 45 til 64 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ved inngangen til sommaren er dessutan seks av åtte ulykker i juni med motorsykkel, seier avdelingsdirektør Guro Ranes i Statens vegvesen.

Seks av dødsulykkene på motorsykkel hittil i år er utforkøyring i sving, og i mange av desse ulykkene har fleire køyrt i følgje.

Av alle dødsulykker er det Vestfold og Telemark som er hardast ramma i forhold til fjoråret med elleve døde. Dette er fem fleire enn på same tid i fjor. Viken er fylket med flest døde – 13.

(©NPK)