Østmarka-tispa fekk kvelpar med son
Eitt ulvekull har sett dagens lys i Østmarka-reviret utanfor Oslo i år, stadfestar no Rovdata. Sonen til mora er far.
– Feltundersøkingar har dokumentert at det er født fem ulvekvelpar i Østmarka-reviret i år, og DNA-analysane viser at faren mest sannsynleg er ein hannulv som vart fødd i dette reviret i fjor, seier genetikar Øystein Flagstad i Rovdata.
– Når vi får før veit at tispa i Østmarka er eit resultat av far og dotter-paring, så kan vi slå fast at det er eit ekstremt høgt innavlsnivå i dette reviret, seier han.
Frå før er det i år påvist ulvekull i dei heilnorske revira Mangen og Letjenna og i grensereviret Juvberget.
Den offisielle registreringssesongen startar likevel først til hausten, og først utpå vinteren får forskarane eit klart bilete av kor mange ulvekull som er fødde i Skandinavia i 2018.
I fjor vart det født åtte ulvekull og heilnorske revir og fem i grenserevir. Dermed vart også det nasjonale bestandsmålet nådd med god margin og to familiegrupper er skotne i lisensjakt. (©NPK)