Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad under pressekonferansen om koronasituasjonen fredag. Foto: Ali Zare/NTB/NPK.

Opptil 400.000 personar har takka nei til koronavaksine i Noreg

I tida framover vil smittespreiinga få konsekvensar for uvaksinerte. Det kjem av at 300.000-400.000 vaksne har takka nei til vaksinen, seier Espen Nakstad.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad uttalte seg på pressekonferansen på fredag om koronasituasjonen.

Han la til at han håpar at dei som ikkje har teke vaksinen, vil gjere det. Med 300.000-400.000 uvaksinerte vaksne aukar smitterisikoen.

– Like mange har avgrensa effekt av vaksinen. Det er som kjent berre litt over 90 prosent effekt mot symptomatisk sjukdom ved vaksinane. Det gjer at 300.000-400.000 menneske fort kan bli smitta og merke symptom likevel, sa han.

I tillegg har rundt 100.000 personar nedsette immunforsvar, og det er rundt 700.000 barn under tolv år som ikkje har tilbod om vaksine.

(©NPK)