I Repparfjorden i Finnmark har selskapet Nussir ASA har fått driftskonsesjon for ei kopargruve med bruk av sjødeponi for gruveavfall. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Opposisjonsparti foreslår forbod mot dumping av gruveslam i sjøen

SV, Raudt, MDG og Venstre vil ha slutt på dumping av gruveavfall i sjøen. No går dei saman og foreslår eit forbod.

– Dumping av gruveavfall i sjødeponi er ikkje noko vi kan drive med i 2022. Det er ein håplaust gammaldags og lite berekraftig måte å drive mineralnæring på, seier Alfred Bjørlo i Venstre til NRK.

Saman med Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne har dei fremja eit forslag i Stortinget om å forby dumping av gruveavfall i sjøen.

Forslaget inneber å trekkje tilbake eksisterande løyve og dessutan å forby nye løyve. I dag er det fem norske gruver som bruker sjøbotnen som deponi for gruveavfall, og fleire er planlagde.

– Mineralnæringa vil bli svært viktig for Noreg i framtida. Men skal vi unngå at det blir same folkelege motstand mot mineralnæringa som det har vorte mot vindkraft på land, så må vi stille strenge miljøkrav frå dag éin, seier Bjørlo. (©NPK)