Talet på båtbyggjarar som kan kunsten å byggje tradisjonelle trebåtar har dei siste ti åra gått sterkt tilbake. Forbundet Kysten oppmodar no båtbyggjarmiljø langs heile kysten til å søkje midlar for å rette på dette. Her båtbyggjar Einar Borgfjord og lærlingane hans ved Båtskott Trebåtbyggeri i Rissa i Trøndelag. Foto: Hilde Murvold Borgfjord/Forbundet Kysten.

Oppmodar båtbyggjarmiljø til å søkje støtte

Båtbyggjarmiljø langs heile kysten blir no oppmoda om å søkje pengestøtte for å berga tradisjonelle trebåtar.  


Tidlegare i år fekk Forbundet Kysten 7,9 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB til prosjektet «Tradisjonsbåt- bygging og bruk». Dei fire neste åra skal pengane omsetjast til mest mogleg kunnskap om bygging og bruk av norske tradisjonsbåtar. No oppmodar organisasjonen båtbyggjarmiljø til å sende inn forslag til lokale prosjekt.


Mesteparten av pengane skal brukast til å byggje nye tradisjonsbåtar. Samtidig blir det lagt vekt på at båtbyggjarkunsten blir ført vidare til nye generasjonar og at det finst eit levande miljø rundt desse båtane.


– Vi vil leggje vekt på gode planar for kunnskapsoverføring, også på brukarsida, slik at fleire får oppleve kor flott friluftsliv det er å ferdast i trebåt med årar og segl, seier Tore Friis-Olsen i Forbundet Kysten (©NPK)