Prisen skal gå til ein ung bonde med engasjement for lokalsamfunnet og landbruket. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby/NTB/NPK.

Opnar for nominering av årets unge bonde

No kan du nominera kandidatar til prisen Årets unge bonde, og ja, du kan nominera deg sjølv.

Publisert

Det melder Felleskjøpet i ei pressemelding. Dei er ein av tre aktørar som står bak kåringa. Dei to andre er Norges Bygdeungdomslag og McDonald's.

Prisen skal heidra unge bønder med engasjement for norsk landbruk, som tenkjer nytt og tar ansvar for lokalsamfunnet.

– Norske bønder er avgjerande for matsikkerheita og beredskapen vår. Skal me lukkast framover, er me avhengige av at unge bønder både vil og tør satsa. Saman med McDonald's og Norges Bygdeungdomslag er me stolte over å løfta fram dei som går framfor og utviklar næringa vidare. No håpar me på stort engasjement og mange gode nominasjonar, seier styreleiar i Felleskjøpet Jens Lippestad i ei pressemelding.

Det er i år 17. gong kåringa går av stabelen, og alle kan nominera kandidatar. Den nominerte må vera under 35 år og produsera råvarer til mat eller fôr. Dei må også vera registrerte med organisasjonsnummer for landbruk.

Prisen er på 30.000 kroner i reisestipend, eit gåvekort på Felleskjøpet til 15.000 kroner og avløysar i opp til ei veke. Nominasjonsfristen er 31. mai, og kåringa vert gjort på Dyrsku'n 11. september.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS