Eivind Kandal ser fram til konserten i Karnilstunet

Opera i Karnilstunet

]Eivind Kandal, Gloppens eigen tenor, kjem heim frå studiar i København og inviterer med seg 6 songarar til konsert på Karnilstunet måndag.

Lenge har Eivind Kandal frå Kandal i Gloppen ønskt å vise fram heimbygda si til sine klasekameratar på Operaakademiet ved Det Kongelige Teater i København. Etter 3 år i København var det på tide, og no har han invitert heile klassen heim for å halde ein stor operakonsert i ein gammel låve!

Fyldig program
-Meir unikt kan vi ikkje få det, dette blir magisk og endeleg får eg vist fram heimbygda mi til mine klassekameratar og samtidig bydd på ein konsert! Dette blir en operakonsert med stor musikalsk bredde, og ei fantastisk samling av unge og lovende operasangarar frå heile Norden. Vi framfører musikken med både humor og alvor, med fest og tragedie. Publikum vil få høyre ariar, duettar og ensemblar frå nokon av våre mest kjende operaar som La Boheme, Tryllefløyten, La Traviata, Den glade enke, Flaggermusen og mange fleire, Fortel Eivind.

Eivind har med seg følgende til konserten på Sandane: Astrid Nordstad - mezzo-sopran, Frederik Päevatalu Rolin - baryton, Morten Grove Frandsen - contra-tenor, Beate Mordal - sopran, Daniel Waade - baryton, Joel Kyhle - baryton.
På piano vil publikum få høyre Anders Løken Taklo.

[caption id="attachment_118002992" align="alignnone" width="500"]Det er desse klassekameratane Eivind har med seg til Karnilstunet Det er desse klassekameratane Eivind har med seg til Karnilstunet

Det er desse klassekameratane Eivind har med seg til Karnilstunet