Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

Openbart rusa på ville vegar

Ein «openbart rusa» utanlandsk vogntogsjåfør vart teken med til blodprøve frå Steinklepp i Lærdal laurdag ettermiddag, skriv politiet på Twitter.

Han hadde køyrt og feil hamna i ei privat oppkøyrsle. Det var dei som budde der som varsla politiet etter at sjåføren kom sjanglande ut av førarhuset. Ifølge NRK viste den uoffisielle blåseprøve på staden 1,78 promille.



I Førde vart ein mann i slutten av tenåra teken for bruk av narkotika på Festplassen laurdag kveld. Sak er oppretta melder politiet.



Fire sjåførar fekk forenkla førelegg i ein laserkontroll UP hadde på rv55 gjennom Nordnes i Sogndal seint laurdag kveld. Høgste farta i 60-sona var 76km/t.