Hovudscena er større enn nokon gong. Når artistane kjem fredag og laurdag får dei 400 kvm å boltre seg på til seg sjølv og utstyret (Arkivbilete frå 2014).

Ønskjer rockepublikumet velkomen

Det er tomt for teltbillettar, laurdagspass og billettar til klubbkonserten torsdag. Fleire hundre har rigga i nesten ei veke, og rockepublikummet er på veg til Nordfjordeid. - Vi gler oss til å ta imot publikum og artistar, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Festivalsjefen og dei 1000 menneska som må til for å gjennomføre festivalen, reknar med kring 22000 publikumarar denne helga. Torsdag formiddag var det framleis mogeleg å få festivalpass, men også dei gjekk raskt unna.

- Vi har jobba i nesten ei veke med rigginga og er snart klare for å ta imot alle dei forventningsfulle publikummarane. Vi håpar å gje dei den gode Malakoff-opplevinga i år og, seier Naustdal.

Han lovar ein fantastisk sceneproduksjon, musikalske godbitar som du berre finn på Malakoff, campstemning i Roskilde-klassa. Verdens beste festivalpublikum og frivillige vil lage ei heidundrande helg dei som er der seint vil gløyme.

- Årets artistprogram er det mest spennande og kvalitativt beste vi nokon gong har hatt. Vi prøver å gje folk nokre positive overraskingar, seier festivalsjefen, og tipsar om at det er verdt å få med seg Hoffmaestro på hovudscena laurdag.

Ein skulle tru festivalen vart rutine etter så mange år, men forventningane er like store kvart år hos festivalsjefen og staben kring han.

- Det er dette vi jobbar for heile året, så no kriblar det godt, og eg håper å få med meg ein del av musikken i lag med resten av publikum, seier Naustdal.

Desse skal spele:

KAISER CHIEFS (UK), MEW (DK), RIVAL SONS (US), SUSANNE SUNDFØR,
SEIGMEN, ENSLAVED, MILLENCOLIN (S), ARCHITECTS (UK), HOFFMAESTRO (S),
MARMOZETS (UK), JONAS ALASKA, THE TOY DOLLS (UK), HONNINGBARNA, EMILIE
NICOLAS, TEAM ME, HURULA (S), THE DOGS, THEA HJELMELAND, TØNES, VIOLET ROAD,
DATAROCK, COMET KID, SVELENE, DRUSAR, JØRN M/TROLLEBØ, I SEE RIVERS