Kåre Hauge. Arkivfoto.

- Omtrent same temperatur natt og dag

- Det er interessant at det er så liten skilnad på temperaturen natt og dag, seier Kåre Hauge ved målestasjonen på Hauge.

Onsdag morgon klokka 07.00 målte Hauge 10,3 grader. Onsdag kveld las han av 11,3 grader, og torsdag morgon synte gradestokken 9,8 grader.

- Dette er typisk fønvindsvêr. Luftfuktigheita er svært låg, i dag tidleg var ho berre 39 prosent, seier vêrobservatøren på Nordstranda i Gloppen.

Sjølv om ein ikkje kan seie at slikt vêr er vanleg i januar, påpeikar Hauge at dette er noko som skjer oftare og oftare i samband med varmluftsstraumar.

Også fredag og laurdag er det meldt svært mildt og fint vêr på våre kantar av landet.