– Omfattande ustabile forhold

NVE har sendt ut varsel om stor snøskredfare (faregrad 4) for laurdag 20. februar for regionane Voss, Hardanger, Indre Sogn og Indre Fjordane.

Tidlegare i veka blei det sendt ut varsel om stor snøskredfare for torsdag 18. februar.

Etter at snøforholda stabiliserte seg litt fredag, blir det no igjen meldt om omfattande ustabile forhold og stor snøskredfare.